Jaudå, alt i orden her sjølv om eg har vore sløvaste bloggaren i gata. Eller, akkurat det veit eg ikkje, kan jo godt vere at ein av naboane har ein sovande blogg også.
I dag sit eg inne og ser ut på det som skulle vere blå himmel og strålande sol. Kva skjedde over natta? Eg som til og med tok meg tid til å henge opp eit laken foran soveromsvindauget slik at eg skulle sleppe å vakne av soloppgangen lenge før morgonen eigentleg startar. Får håpe og tru at lakenet kjem til sin rett i morgon.
Men, skitt på. Vi har hatt ei strålande helg med både sol og skjønt bryllup. Vi var i Bergen og feira Kristin og Asbjørn sin store dag. Kjempefin seremoni og fest laurdag. Einaste eg angrar på er at eg ikkje tok pittelitt meir Kvæfjordkake, for den var knakande god. Eller, alt var godt, både det vi fekk i fat og i glas.
Aurora var ikkje med til Bergen. Ho har levd gode dagar i Sykkylven ei heil veke faktisk. Det er kjekt at ho har familien så nærme og ikkje minst, at ho trivst så godt med å besøke dei. Men sanneleg var det godt å få ho heim også. Ho ville ikkje legge seg heilt til ro i går, ho ville inn i senga vår. Det fekk ho sjølvsagt lov til, og der låg ho og smila, strauk meg over kinnet og heldt rundt meg. Men, heldigvis, ho har skjønt kor ein søv best og rundt midnatt ga ho beskjed om at ho ville sove i senga si likevel.
Grand Prix i helga ja. Eg har ikkje sett sendinga enda, var jo opptatt laurdagskvelden, men har tatt opp og skal kose meg med den i kveld tenkjer eg. Men eg har fått med meg resultata sjølvsagt, og er godt nøgd med
vinnaren. Tyskland var min favoritt på førehand, så eg kan ikkje klage. Men klage er det nok av folk som gjer. Du store tid altså. Ikkje minst er det mange som klagar over Norge sitt bidrag. Eg for min del likar både Didrik Solli-Tangen og låta,
My heart is yours og synast vel at han fortente ei betre plassering, sånn eigentleg. Men folk klagar. Klagar fordi han ikkje song bra nok, klagar fordi han er for pen, klagar fordi han er for usympatisk, klagar fordi han smiler og ikkje smiler, klagar fordi han ikkje vann. Hadde han vunne ville folk klaga då også. Nei, søren meg, no er det nok klaging. Han er heldig med utsjånaden sin, han er heldig med stemma si, eg trur han er heldig på enda fleire vis. Det kan folk slutte å bruke mot han. (Sånn, då var det sagt. Pjuh.)