Oppklaring

Eg vel å servere oppklaringa fyrst, så saka. Eller sak og sak, det er snakk om ei sak av særs lav nyheitsverdi, men i det store heile har vel eg og folk flest akkurat det, særs lav nyheitsverdi, så difor blir det stovereint å gjere det slik.

Oppklaring: Kveitebollar er ikkje eit fiskeprodukt, men gjærbakst av kveitemjøl. Også kjend som "hveteboller".


Så. I går var vi i Sykkylven og på veg ut igjen, på ferga for å vere meir nøyaktig, fann vi ut av ein perfekt kveldsmat måtte vere ferske kveitebollar (no skjønar alle at det ikkje er fiskefarseprodukt vi snakkar om, men deilig, duftande gjærbakst, sant?) og varm sjokolade. Så snart ferga hadde lagt til freste vi heim i full fart, men ikkje over 80 sjølvsagt, og eg rett på kjøkkenet. Skikkeleg flaks/bra timing gjorde at bollane vart ferdige akkurat i passe tid så vi rakk å sjå ein film før vi la oss. Charlie Bartlett (filmen altså), kveitebollar og varm sjokolade.


Noko bilete vart og blir ikkje tatt, men eg kan seie såpass som at bollane var store, saftige og luftige. Akkurat passe brune, både over og under.


Her er bollar eg bakte til elevane mine for ganske nøyaktig 4 år sidan. (De skjønar nok kvifor dei kan daterast såpass nøyaktig.)




Oppskrift på kjempegode kveitebollar:

200 g smør
7 dl mjølk
1 pk gjær (Bruk gjerne denne raude, søtbakstgjæra)
2 dl sukker
2 ts kardemomme
1 ts hornsalt
1 kg kveitemjøl


Framgangsmåten er som vanleg gjærbakst. Pass på at ikkje deiga blir for hard! Viktig, viktig! Det er også viktig å ikkje dra til med for mykje mjøl når ein bakar dei ut.


Ein times forheving og ein liten time med etterheving, så steikar ein dei på 230 grader nederst i ovnen.

Én kommentar

Tomas

25.jan.2010 kl.17:23

Sjå kven som har starta å skrive blogg igjen! Gler meg til å følgje med!
No skal eg handle inn å bake bollar. Takk for tipset.

Skriv en ny kommentar

hits