Det går mot sommar

Og Aurora gler seg, det er eg heilt overbevist om. Å sleppe kle på seg lag på lag, å kunne springe ut når det passar, leike med vatn, fri tilgang til sandkassa... Alt som høyrer sommaren til.

Ho veit, iallfall på ein god dag, at ho blir tre år når sommaren kjem, og at vi skal til syden og bade kvar dag.


Tidlegare i dag sat ho på golvet og teikna dette biletet. Eg tar det som eit teikn på at sommaren er på veg:



Én kommentar

31.jan.2010 kl.19:46

Hun har blitt flink!!

Skriv en ny kommentar

hits