Laurdagskos

I går kveld kosa vi oss med litt ekstra god mat. Ikkje noko spesiell anledning, men kjekt å kose seg med noko anna enn laurdagspizza ein gong iblant.

Til forrett hadde vi kamskjell i fløte og kvitlauk:




Denne retten er veldig enkel å lage. Eg nyttar porsjonsformer og gjer det på følgande måte:
Legg kamskjella i forma, eit fedd kvitlauk og litt salt over og så kremfløyte som såvidt dekkjer skjella.
Inn i ovnen på 200 grader til fløyten boblar.


Til hovudrett hadde vi lammeskank med rotmos:





Kjøtet var verkeleg mørt denne gongen, men så fekk det stå i ovnen lenge og vel også. Trur nok det bikka to timar til slutt. Krydra med salt, pepar, kvitlauk og rosmarin. Smakfullt og godt kjøpt. Lammeskank er ein av favorittane her i huset.
Mosen var ein enkel variant av potet, kålrabi, gulrot og fløyte.

I glaset var det nydeleg amaronevin




Desserten hadde eg og Aurora laga saman, panna cotta med bringebærsaus:



Panna cottaen laga vi etter oppskrift på matprat. Fløyte, sukker, vaniljestang og gelantin. Den vart veldig søt, men med frisk bringebærsaus så vart det meir balansert.
Det var sausen som tok mest tid også, då eg ville sile den for å bli kvitt steinane frå bæra.


Eit nydeleg godt måltid i godt selskap og med levande lys og roser:






3 kommentarer

Connie

31.jan.2010 kl.17:28

Lekkert!

Astrid

31.jan.2010 kl.19:48

JEG ER IMPONERT!

Vidar

01.feb.2010 kl.19:27

Jeg syns du er snill som skriver at "vi" laget det. Kan ærlig talt ikke huske at jeg hadde mye å gjøre med dette. Kanskje du tenker på Aurora? ;-)

Skriv en ny kommentar

hits