Karneval

Det har vorte februar og det er karnevalsmånaden. I postkassa ramlar det inn fargerike brosjyrer med grelle karnevalskostymer frå leikebutikkane og Aurora er superglad for å få sin eigen post og brosjyrene vert lese om og om igjen.
I går las eg og Aurora saman i ei slik, og snakka samstundes om kva ho vil kle seg ut på når det er karneval i barnehagen. Eg såg for meg prinsesse eller Pippi, då det er kostymer som er forholdsvis greie å lage sjølve. Men nånei, jenta har eigne meiningar.


"Ej vil væje kiokodille, IKKE Pippi!" Strengt blikk og furtelippe, og eg har alt byrja å planlegge korleis krokodillekostymet skal ordnast.



2 kommentarer

Astrid

05.feb.2010 kl.08:33

Fine jenta! :) Sam være brannmann... ;)

05.feb.2010 kl.18:55

Hadde nok fått aldri så lite panikk og Ida skulle ha vært krokodille jeg altså;)))

Men jeg er sikker på at du fikser det med symaskina di.....jeg hadde sikkert kasta meg over nettbutikker for å finne noe ferdig!!

Skriv en ny kommentar

hits